Generelle avtalevilkår

AVTALEVILKÅR MELLOM KUNDE OG LÆRDAL ENERGI

GJELDANDE FRÅ 01.01.2017

 Dersom ikkje anna er oppgitt i avtalen nedanfor er det "Energi Norges standard kraftleveringsavtale" som er gjeldande. Denne er utarbeida av EnergiNorge i samarbeid med forbrukarombodet og er gjeldande frå og med 01.01.2017.

 

§1. OPPSTART/BESTILLING

  1. Ved bestilling gir kunden Lærdal Energi fullmakt til å:

    1. Foreta leverandørbytte etter NVE sine retningslinjer samt til å ordne alle formelle forhold relatert til leverandørbytte. Lærdal Energi kan og, om nødvendig, innhente informasjon vedrørande leverandørbytte hjå netteigar og noværande kraftleverandør.

    2. Avslutte kundeforholdet hjå tidlegare leverandør. Lærdal Energi står ikkje ansvarleg dersom kunden har ein juridisk bindande avtale med tidlegare leverandør.

    3. Ved oppstart/bestilling må kunden oppgi sin målerstand til Lærdal Energi. Ved leverandørbytte kan ikkje målarstanden vere eldre enn 20 dagar.

§2. LEVERINGSVILKÅR

  1. Etter at du har registrert din bestilling tek det normalt 10 dagar før kraftleveransen kan tre i kraft.

  2. Lærdal Energi har rett til å foreta kredittvurdering av kunden før oppstart og kunne avslå/avslutte leveransen.

  3. Ved flytting til ny adresse ber vi om at kunden melder dette til Lærdal Energi så snart som mulig (senest 3 virkedager før flytting). Dersom Lærdal Energi ikkje har mottatt melding om flytting til ny adresse før det har gått 30 dagar etter innflytting kan netteigar kreve deg som kunde for ventetariff.

  4. Ved endring i offentlege avgifter/pålegg om endringar frå myndigheitene vil dette varslast på våre heimesider.

  5. Våre prisar er oppgitt inkludert meirverdiavgift.

  6. Lærdal Energi fakturerar kunden for avregna energi etterskuddsvis ein gang pr. månad.

  7. Dersom Lærdal Energi ikkje har motteke målerstand/forbruk frå netteigar ved fakturering tek Lærdal Energi seg retten til å stipulere kunden sitt forbruk. Dersom forbruket har vore overstipulert får kunden dette til gode på neste faktura.

  8. Dersom kunden ved opphøyr har til gode beløp hjå Lærdal Energi, utbetalar Lærdal Energi kun beløp over 50 kroner.

  9. Lærdal Energi sender automatisk ut faktura på e-post. Ved ønske om giroutsending påløper eit fakturagebyr på kr 59,- pr faktura.

  10. Rabatt
    1. Ved opphør av avtalar med løpande rabatt(er) opphører også rabatt frå sluttdato.
    2. Gjenståande rabattar vil ikkje bli utbetalt til kunde i form av eingangsbeløp.
    3. Rabatt er kun gyldig ved nybestilling, det vil ikkje bli gitt rabatt ved endring av avtale på eksisterande målepunkt.

§3. STRAUMAVTALAR

  1. SPOT

  2. Straumprisen som blir levert er timevegd gjennomsnittleg spotpris, ref. NordPoolGroup sine websider (www.nordpoolgroup.com) med tilhøyrande innkjøpskostnadar i området som straumen blir levert. Kunden vert informert om månadspris via faktura.

  3. I tillegg til straumprisen har avtalen eit påslag pr kWh. Påslaget inkluderar kostnader til offentleg pålagte elsertifikat og kan endrast med to veker varsel via Lærdal Energi sine internettsider samt epost til kunde. Påslaget kan variere mellom kundar ut frå eventuelle fritak for elsertifikat. Det kjem og eit månadspåslag på 39kr i tillegg.

  4. Kampanjevilkår

    4.1. Introduksjonstilbod har ei varigheit på 6 månader, utan bindingstid.

    4.2 Etter 6 månader blir kunden overført til vårt standard spot produkt.

    4.3 Månadsgebyr er kostnadsfritt i avtaleperioden.

    4.4 Påslag inkluderar kostnad for elsertifikat og kostar 4,9 øre/kWh.

2. VARIABEL ORDINÆR

  1. Produktet inngår i kategori «standard variabel». Prisendring vert varsla 14 dagar før endring trer i kraft på våre heimesider, i tillegg til "mi side" samt epost direkte til kunde. For å nytte direkte varsling er me avhengig av å ha registrert e-post adresse på kunden.

  2. I samsvar med «Lov om elsertifikat» inneheld prisen kostnadar til kjøp av elsertifikat.

  3. Kampanjevilkår

    1. Ved ev. endring av pris på produktet Variabel Sommarsol blir kunde varsla 14 dagar før endring trer i kraft.

3. FASTPRIS

  1. Produktet er bindande og gjeld for 12 månadar, eventuelt lengre dersom dette er avtalt.

  2. I samsvar med «Lov om elsertifikat» inneheld prisen kostnadar til kjøp av elsertifikat.

  3. Dersom ikkje kunden sjølv ber om ny fastprisavtale, blir kunden automatisk flytta over på produktet «Variabel».

  4. Dersom du har takka ja til ein kampanje som har "gratisperiode" og/eller "kampanjepris" vil denne bortfalle dersom kunden benyttar seg av angrefrist og/eller seier opp avtalen før kampanjeperioden er over. Ved oppsigelse av avtalen ut over angrefrist på 14 dagar vert kunden belasta med kroner 500,-.

4. VARIABEL VÅRONN / VARIABEL SOMMARSOL

  1. Etter 60 dagar blir kunden flytta over til produktet “VARIABEL ORDINÆR” utan ytterligare varsling.

  2. I samsvar med «Lov om elsertifikat» inneheld prisen kostnadar til kjøp av elsertifikat.

  3. Produktet kan bestillast av nye privatkundar.

 

§4. GENERELT

  1. Dersom ikkje anna er spesifisert i avtalevilkåra, vil alle våre avtalar vare til dei blir sagt opp. Begge partar kan fritt sei opp avtalen med 14 dagar varsel, utan at det er krav om saklig grunn.

  2. Angrefrist - Du har 14 dagar ubetinga angrerett frå og med dato for bestilling. For å angre må du gjere det via våre angrerettskjema. Angreretten gir ingen garanti for at straumleveransen blir kansellert. Kunden er sjølv ansvarleg for å bestille seg ny strømavtale hjå ny leverandør.Du vil bli fakturert for perioden me har levert deg strøm, men du vil ikkje bli belasta for oppsigelsesgebyr dersom du har bestilt eit produkt med bindingstid. Tilbod/kampanjeperiodar vil bortfalle ved bruk av angrefrist og ordinær pris på avtale vil bli benytta
    ( Dette gjeld ikkje etter overgang til Elhub 18.02.2019. For at me skal kansellere din oppstart må me motta angrerettskjema seinast 3 dagar før oppstartdato.)

  3. Som kunde i Lærdal Energi aksepterar du å motta tilbod på straum også etter at du har sagt opp din straumavtale.

  4. Våre kampanjar gjeld ikkje for bedriftsabonnement og byggestraum.

  5. Personvern og bruk av informasjon – Vi anser personlig informasjon som navn, adr., e-post og telefon nr. som konfidensielt. I samsvar med dette blir all informasjon du som kunde oppgir, lagra på ein sikker stad, og vil bare bli brukt til å kunne betjene deg som kunde bedre. Eksempelvis ved å sende ut viktig informasjon som direkte gjelder eit anlegg eller abonnement, herunder generell kundeoppfølgjing. Som kunde kan du alltid be om ein kopi av dine personlige opplysningar og få dei korrigert eller fjerna fra vår database.

  6. Ved endring av pris eller vilkår som er relatert til din avtale, varslar me 14 dagar før, per e-post.

  7.  Personvern og bruk av informasjon –
    Lærdal Energi AS ivaretek og beskyttar våre kundars personvern. Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knytast til deg som kunde. Eksemplar på dette er namn, adresse fødselsnummer, kontonummer, målernummer og opplysninger om straumforbruk. Du skal føla deg trygg på at handteringa av dine personopplysningar skjer i samsvar med gjeldande regelverk, og at det iverksette egnande tiltak både teknisk organisatorisk, slik at personopplysningane blir handtert sikkert og at behandlinga er dokumenterbar.
    Lærdal Energi AS er ansvarleg for behandlinga av personopplysningar i forbindelse med alle tenester som blir levert av Lærdal Energi AS.
    Ved å bestille og ta i bruk våre tenester blir eit kundeforhold etablert, som dannar lovleg grunnlag for behandling av dine personopplysningar.
    Personopplysningane blir brukt til å administrere ditt kundeforhold, gi deg dei tenestene du har registrert deg for, gjennomfører leveransen og faktureringa.
    Personopplysningane dine vil berre bli lagra så lenge Lærdal Energi AS har eit rettsleg grunnlag for dette, og under enhver omstendighet ikkje lenger enn det som følger av den til enhver tid gjeldande lovgiving. Når Lærdal Energi AS ikkje lenger har rettsleg grunnlag for lagring av personopplysningar, vil opplysningane bli sletta eller anonymisert.
    Du har til enhver tid rett til innsyn i dei opplysningar som Lærdal Energi AS har registrert om deg. Du kan også krevje retting og sletting av personopplysningar i samsvar med gjeldande lovgiving.

  8. Prismatch:

    1. Lærdal Energi matchar prisen om du som kunde får tilbud om tilsvarande avtale til lågare pris hjå ein konkurrent og kan fremlegga dokumentasjon på dette.

    2. Prisane må være dagsaktuelle og allment tilgjengelege.

    3. Prismatch er forbeholdt privatkundar.

    4. Benyttar du deg av Prismatch får du vår Spot eller Variabel avtale til tilsvarande pris hjå oss.

    5. Etter endt periode gjeld standard Variabel eller Spot avtale fra Lærdal Energi.

    6. Nettleiga er ikkje innbefatta av prismatch.

    7. Prismatch gjeld kun Spot og Variabel.

    8. Prismatch kan ikkje kombinerast med andre tilbud og rabattar.

    9. Me gir maks to periodar med prismatch pr kunde, med varigheit inntil 2 mnd/prismatch.

    10. Tilbudet må vere tidsbegrensa for at Lærdal Energi skal matche prisen.

    11. Lærdal Energi forbeholder seg retten til å avslå prismatch om tilbodet ikkje oppfyller vilkår.

Telefon: 57 66 94 10

kundestotte@lenergi.no

Facebook side