Gasta Design

Faktura

Gasta Design

Når blir eg fakturert?

Lærdal Energi fakturerer alle sine kundar etterskotsvis ca. den 10. i ny månad. Dvs at straumen du nyttar i januar blir fakturert 10. februar. Lærdal Energi nyttar netteigars avlesingar ved fakturering. Dersom målerstand ikkje er mottatt ved fakturering vil Lærdal Energi stipulera ditt forbruk.

Har ikkje motteke faktura?

Dersom du ikkje har motteke faktura frå kan du enkelt logge inn på «Mi side» for å finne din faktura. Her vil du finne eit fakturahotell med alle dine fakturaer me har produsert til deg. Du loggar inn med kundenummer og pin kode.

Kven leverar eg måleravlesing til?

Du leverar alltid din måleravlesing til din netteigar. Netteigaren vil deretter sende denne til oss elektronisk.

Fakturaforklaring?

Logg inn på «Mi side» for illustrasjon/fakturaforklaring. Du loggar inn med kundenummer og pinkode.

Kva er eFaktura?

Bestiller du eFaktura får du fakturaen vår sendt til din nettbank. Denne må godkjennast i nettbanken ved betaling. Ynskjer du eFaktura kan du enkelt sette dette opp i nettbanken din eller via «Mi side» Du loggar inn med brukarnamn og passord. For å opprette eFaktura treng du eit referansenummer. Dette nummeret fekk du i velkomstbrevet frå oss.

Kva er epostfaktura?

Epostfaktura blir sendt til din epost som du spesifiserte ved bestilling.