Landsdekkande leverandør av prisgunstige straumprodukt

Om Lærdal Energi

Landsdekkande leverandør av prisgunstige straumprodukt.

Lærdal Energi AS vart skipa 27.desember 1934, som L/L Lærdal Kraftverk med aksjeinnskot frå innbyggarane, kommunen og Lærdal sparebank.

Me er eit integrert energiselskap som driv både kraftomsetning, nett- og entreprenørverksemd. Kraftomsetning driv me i samband med Lærdal kommune, ved at me sel den konsesjonskrafta kommunen har høve til å ta ut.

Lærdal Energi har områdekonsesjon på heile Lærdal kommune bortsett frå Frønningen som ligg i konsesjonen til Sognekraft AS. Dette betyr at me har monopol på å drive distribusjon av elektrisk kraft i Lærdal kommune. I tillegg driv me entreprenørverksemd saman med Aurland Energiverk.

  • Selskapet bygde ut Husum Kraftverk som vart sett i drift i september 1936 og har frå denne tid hatt ansvaret for straumforsyninga i Lærdal og Borgund, no Lærdal kommune.

  • Dette selskapet er eit direkte framhald av L/L Lærdal Kraftverk og Lærdal Energiverk AS, som er andre namn som har vore brukt på selskapet.

  • Selskapet sel ca. 55 GWh kraft og har ca. 1700 kundekontrakter. Dette gjev ein omsetning på ca. 27 mill. kroner.

  • Lærdal Energi har eit omfattande samarbeid med Aurland Energiverk AS som mellom anna omfattar felles administrasjon.    

  • Samarbeidet er også utvikla vidare slik at frå 31.07.01 har selskapa felles vaktordning, felles entreprenørverksemd og felles tilsynsfunksjon.

I dag er Lærdal Energi ein landsdekkande leverandør av straum til norske hushaldningar.


Selskapsform

Lærdal Energi er organisert som aksjeselskap med kr 330.000 i aksjekapital, fordelt på 3300 aksjar à kr 100. Lærdal kommune eig 1.432 stk. (43,39 %) aksjar, Aurland Energiverk AS eig 376 stk (11,39%) aksjar.

Styre:

  • Lars Petter Nesse, styreleiar
  • Leif Åsen, nestleiar
  • Gro Starheimseter, styremedlem
  • Inger Bakken,  styremedlem
  • Olav Ødegård, (tilsettrepr.) styremedlem

Sponsing

MUNERIS - Ei gåve frå Lærdal Energi

«MUNERIS», som er det latinske namnet for gåve, er oppretta for å gi ei handsrekking til dei mange og gode kreftene som legg ned eit viktig arbeid for lokalsamfunnet i Lærdal. «MUNERIS» delar ut midlar til kultur, idrett og andre samfunnsnyttige formål to gonger i året

Lærdal Energi har gjennom ei årrekkje bidrege til utvikling i Lærdal kommune ved å gje støtte og sponsormidlar til gode tiltak innan kultur og idrett.  

Kven kan søkje:                                     

For Lærdal Energi er det viktig at alle kan søkje. Anten du er ein veletablert organisasjon som driv med idrett, eller enkeltindivid som likar dans, har du like store moglegheiter for å få midlar gjennom «MUNERIS».

Når kan du søkje:  

Lærdal Energi gjennomfører to tildelingar pr år.

Søknadsfrist 1. tildeling: 31.12

Søknadsfrist 2. tildeling: 31.05

Korleis søkje:

Søknad skal sendast skriftleg til muneris@lenergi.no innan nemnte fristar. Søknad skal innehalde kva type føremål det vert søkt midlar for. Grunngjeving for kvifor nettopp du skal få støtte/midlar i tillegg til kontaktinformasjon.  

Tildeling:

Tildeling skjer normalt påfølgjande veke etter søknadsfrist. Er du ein av dei heldige som får midlar gjennom fondet vil du motta ein skriftleg tilbakemelding.

Alle som får tildelt støtte/midlar gjennom «MUNERIS» vert lagt ut på vår heimeside www.laerdalenegi.no

Sentralbord: 57 66 94 00

kundestotte@lenergi.no

Facebook side